Hopp til hovedinnhold

Bakgrunn og historie for Prosjektveiviseren

Er du interessert i historia til Prosjektveiviseren, bakgrunnen for at han blei laga, og korleis han har utvikla seg fram til det han er i dag?

Opprettet: 07. juni 2022 Sist endret: 29. juni 2026

Kvifor blei Prosjektveiviseren laga?

Nettbaserte tenester skal vere hovudregelen for kommunikasjonen forvaltninga har med innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv. Digitalisering skal bidra til betre tenester for brukarane og ei meir effektiv forvaltning. For å gjennomføre ønskte endringar må kvar enkelt verksemd gjennomføre eitt eller fleire prosjekt. Ei utfordring er at verksemdene har ulik modnad og kompetanse innan prosjektstyring og prosjektgjennomføring.

Digitaliseringsdirektoratet har derfor utarbeidd Prosjektveiviseren som ein anbefalt prosjektmodell for styring av digitaliseringsprosjekt i offentlege verksemder. Prosjektveiviseren rettar seg særleg mot prosjektleiarar, prosjekteigarar og verksemdsleiinga.

Digitaliseringsrundskrivet

Digitaliseringsrundskrivet gir føringar for bruk av Prosjektveiviseren:

«Dersom virksomheten ikke har etablert en prosjektmodell for gjennomføring av IKT-relaterte tiltak, bør Prosjektveiviseren benyttes i planlegging, styring og gevinstrealisering av IKT-relaterte prosjekter. Prosjektmodellen kan tilpasses den enkelte virksomhets behov og det konkrete prosjektet.»

Digitaliseringsdirektoratets Prosjektveiviseren er anbefalt prosjektmodell for alle tiltak.

Følgende prinsipper bør legges til grunn for digitaliseringstiltak, enten det er mindre utviklingsaktiviteter styrt i linjeorganisasjonen, eller prosjekter som følger Prosjektveiveiseren:

1. Start med behov

2. Tenk stort – start smått

3. Velg riktig samarbeidspartner

4. Sørg for riktig kompetanse og god lederforståelse

5. Lever hyppig – skap nytte hele veien

Sjølv om Prosjektveiviseren i utgangspunktet er utvikla for å bidra til fleire vellukka digitaliseringsprosjekt og er tilpassa desse, kan han med små justeringar nyttast for alle typar prosjekt.

Prosjektmodellen

Prosjektmodellen består av fem fasar og seks avgjerdspunkt (beslutningspunkt (BP)). Modellen dekkjer heile prosjektprosessen frå konseptval til avslutting av eit prosjekt, i tillegg til overlevering til linja og realisering av gevinstar. Ansvaret for aktivitetane og avgjerdene i fase 1, konseptfasen, og fase 5, realiseringsfasen, ligg hos linjeorganisasjonen, men er heilt avgjerande for at nytteverknadene av prosjektet skal bli realiserte. Desse «blå fasane» er derfor ein svært viktig del av prosjektmodellen.

Prosjektveiviseren er basert på den internasjonalt anerkjende prosjektleiingsmodellen PRINCE2® (PRojects IN Controlled Environments). Digitaliseringsdirektoratet har tilpassa denne generiske modellen ved å

  • forenkle han noko, både når det gjeld detaljeringsnivå og prioritering av enkelte tema
  • tilpasse nokre særleg vanskeleg tilgjengelege omgrep, sjå omgrepslista
  • integrere IT-politiske føringar som gjeld for digitaliseringsprosjekt som skal gjennomførast i norske verksemder
  • integrere rettleiarar og retningslinjer frå DFØ
  • synleggjere korleis prosjektmodellen kan kombinerast med ulike prosessar for å skaffe fram produktleveransane i prosjektet

Prosjektveiviseren 2009 –2018: Fra verktøykasse til helhetlig ledelse

Relevante sider