Om god praksis
Digitaliseringsdirektoratet sin tilrådde prosjektmodell byggjer på den internasjonalt anerkjente prosjektleiingsmodellen PRINCE2® (PRojects IN Controlled Environments). PRINCE2® er utvikla i England basert på beste praksis i prosjektgjennomføring, og beskriv korleis ein styrer prosjekt frå start til slutt. Metoden har utspring i IT-prosjekt, men har sidan blitt utvikla til ein generisk metode som ein kan bruke i alle typar prosjekt, uavhengig av storleik, bransje, organisasjonsform, geografi og kultur.
I PRINCE2® er det definert sju overordna prinsipp som avgjer om prosjektet verkeleg blir styrt etter PRINCE2®, og dermed etterlever god praksis. Prinsippa stammer frå røynsler frå tidlegare prosjekt og sikrar at modellen blir brukt på ein slik måte at han bidrar til at prosjektet blir vellukka. Digitaliseringsdirektoratet sin prosjektmodell byggjer på dei same sju prinsippa.
Disse temaene er også sentrale i Prosjektvegvisaren. Prinsippa gir ein innføring i grunnleggjande prinsipp og tema som alle prosjekter som ynskjer å fylgje god praksis må etterleve.