Små prosjekt
Er det formålstenleg å bruke Prosjektvegvisaren til styring av små prosjekt?
Prosjektvegvisaren er rigga for å kunne ta hand om styringa av store prosjekt på ein god måte. Det inneber at han bør seie noko om mest mogleg av det som kan påverke eit prosjekt, og om eit breitt spekter av område og utfordringar som prosjektstyringa må kunne handtere.
I små prosjekt er naturleg nok prosjektstyringa som oftast mindre utfordrande enn i store prosjekt, og Prosjektvegvisaren vil kanskje verka unødig omfattande. Det finst ikkje nokon mini-variant av Prosjektvegvisaren, og utfordringa med å bruka Prosjektvegvisaren på ein effektiv og formålstenleg måte for små prosjekt fell dermed primært på prosjekteigar og prosjektleiar.
Så kva gjer vi?
Prosjektvegvisaren si tilråding for bruk i små prosjekt er å lese og bruke Prosjektvegvisaren i lys av sitt vesle (og kanskje enkle?) prosjekt. Ver bevisst på å ta vare på hensikta og innhaldet i kvar av fasane på ein god måte. Bruk til dømes aktivitetsskildringar og dokumentmalar som sjekklister for å sikre at du har tenkt på alt prosjektet ditt kan bli utsett for. Men vêr varsam med å føresetje at prosjektet vil "gå nesten av seg sjølv" berre fordi det er lite og tilsynelatande enkelt.
Nokre verksemder har laga ein eigen lokal prosjektprosess-variant retta mot små prosjekt, men det er svært varierande og ikkje berre positive erfaringar rundt dette. Les gjerne meir om lokal tilpassing av Prosjektvegvisaren.