Kor smidige er vi?
I kva grad bør prosjektet ditt ta i bruk smidig programvareutvikling? Er dei nødvendige føresetnadene i omgivnadene for prosjektet til stades?
Bruk av smidig metodikk har mange fordelar og kan i mange tilfelle vere eit godt val. Men for at prosjektet skal få fullt utbytte av å bruke smidige metodar er det visse føresetnader som må vere til stades både i prosjektet og i linjeorganisasjonen som prosjektet skal fungere i. Vêr også merksam på at når de vurderer bruk av smidig metodikk er dette ikkje eit val av smidig eller ikkje, men derimot å vurdere kva grad av smidigheit som vil vera mest formålstenleg for prosjektet ditt, i prosjektomgivnaden din. Det er ikkje nødvendigvis eit mål i seg sjølv at prosjektet ditt skal bruke smidig metodikk i størst mogleg grad, men at valet og bruken for prosjektet av metodar er best mogleg eigna til den oppgåva prosjektet har.
Kva for vurderingar bør vi gjere?
Nedanfor finn du nokre tips om kva de bør tenke på for å finne ut i kva grad føresetnadene for vellykka bruk av smidige metodar er til stades i prosjektet ditt og i linjeorganisasjonen din. Figuren nedanfor viser seks viktige område de bør ta utgangspunkt i når de gjer denne gjennomgangen, men gjer gjerne dykkar eiga vurdering av kva som er aller viktigast i dykkar situasjon.
Sjå for deg at ei arbeidsform og ein prosjektkultur med sterkt preg av fossefallstenking og manglande forståing og sviktande føresetnader for bruk av Smidig ligg lengst til venstre på skalaen (nivå 1), og at ei arbeidsform og ein prosjektkultur med sterkt preg av smidige prinsipp ligg lengst til høgre på skalaen (nivå 5).
Korleis gjer vi det?
Vurder kva mognad prosjektet ditt og linjeorganisasjonen din har innanfor kvart av dei seks områda, og kva som er positivt eller negativt med tanke på føresetnader for ein god bruk av smidige metodar. Plasser prosjektet/prosjektomgivnaden din på skalaen 1-5 for kvart av dei seks områda. Det blir IKKJE tilrådd å berekna eit gjennomsnitt for alle områda og bruke dette som eit samanfatta svar på om prosjektet skal basere seg på Smidig eller ikkje. Ta heller omsyn til vurderinga av kvart av områda kvar for seg. Ver klar over at område de har vurdert til å ligge langt til venstre på skalaen vil vera knytt til uvisse om bruk av smidig metodikk i prosjektet. Tilpass gjennomføringa for prosjektet i samsvar med dette, og set gjerne i verk tiltak som motverkar denne uvissa.
Nedanfor finn du nokre spørsmål innan kvart av dei seks områda, meint som ei hjelp når de skal vurdere kvar på skalaen din prosjektet og prosjektomgivnaden dykkar ligg. Eit klart JA på spørsmåla svarer til 5 på skalaen. Eit klart NEI på spørsmåla svarer til 1 på skalaen.
- Ser interessentane på endringar som naturleg og positivt?
- Er oppdragsgivar/produkteigar klar over si rolle når det gjeld prioriteringar?
- Er det stor forståing og fleksibilitet for endringar på detaljnivå?
- Er alle krav/behov prioritert ut frå viktigheit?
- Forstår alle at fleksibilitet i levert omfang styrker punktlegskap og kvalitet på leveransane?
- Er endringar i omfang og prioriteringar eit teamarbeid, men er eigd av oppdragsgivaren?
- Er det forståing for at fleksibilitet for endringar på detaljnivå gir betre produkt?
- Er det høg grad av samarbeidsvilje blant alle interessentar?
- Er det gode samarbeidsforhold internt og eksternt?
- Er det ein teamkultur i prosjektet?
- Framstår oppdragsgivar og leverandør som partnarar?
- Er «silotenking» eller «glavalag» i organisasjonen så godt som fråverande?
- Er negativ «bagasje» frå tidlegare erfaringar eit fråverande problem?
- Er åtferda for alle prega av tillit og openheit?
- Er folk effektive, hjelpsame og tek vare på kvarandre?
- Er det eit samarbeidsklima der ingen skuldar på andre eller vik unna å ta ansvar?
- Er det aksept for at uformell kommunikasjon kan føre til misforståingar og feil?
- Kommuniserer alle interessentar enkelt og godt, både internt og eksternt?
- Er det utbreidd bruk av prototypar og visuelle modellar?
- Er det lett tilgang til relevant informasjon og erfaringar?
- Er informasjon (t.d. «veggplanar») godt synleg og tilgjengeleg?
- Er informasjon formidla enkelt og lett forståeleg?
- Er det stor grad av samlokalisering? (evt. kompensert med bruk av t.d. videoutstyr).
- Er det mykje uformell kommunikasjon - ansikt til ansikt eller via telefon?
- Er det avgrensa bruk av formell rapportering?
- Er det enkelt å gjere hyppige del-leveransar som gir nytteverdi?
- Er det stor grad av iterative leveransar med stadige forbetringar?
- Liker teamet å eksperimentere og vere kreative?
- Er det forståing for at ting ikkje blir rett i første førsøk?
- Kan prosjektet levere nytteverdi i tidlege leveransar?
- Er erfaringslæring og forbetring ein kontinuerleg prosess?
- Blir «lite og ofte» vurderte som ein sikker måte å styra leveransane på?
- Gir hyppige leveransar gode tilbakemeldingar, og skaper tillit til leveransane?
- Er «tenkt stort – start smått» eit anerkjent prinsipp?
- Er det stor forståing og støtte for bruk av smidige arbeidsformer?
- Er prosjektdeltakarar dedikerte til prosjektet, og teamet stabilt?
- Har prosjektdeltakarar høg kompetanse og brei erfaring innan sine ulike fagområde?
- Er nødvendig infrastruktur og verktøy for bruk av smidige arbeidsformer tilgjengeleg?
- Er eventuelle samarbeidspartnarar komfortable med smidige arbeidsformer?
- Er det slik at kommersielle og kontraktsmessige detaljar ikkje verkar hemmande for ei smidig arbeidsform?
- Viser alle interessentar forståing og aksept for smidige prinsipp, og forstår forskjellen og fordelane i forhold til ei tradisjonell arbeidsform?
- Har sentrale aktørar fått opplæring på eit formålstenleg nivå?
- Har sentrale aktørar tidlegare erfaring frå smidige arbeidsprosessar?
- Er det slik at ingen ramma partar/fagområde avviser ei smidig arbeidsform (t.d. innkjøp, kvalitetssikring), og har dei forstått dei smidige hovudprinsippa?
Denne sida er basert på Axelos sitt "Agilometer" i PRINCE2 Agile.