Prosjektvegvisaren og Smidig (Scrum)
Bruk av smidig utviklingsmetodikk kan ha ulike gunstige effektar på leveranseproduksjonen for prosjektet, som til dømes:
- Legg til rette for å komma i gang med produksjonen av nokre «trygge» delar før nødvendigvis alle delar av løysingar er detaljert spesifiserte
- Legg til rette for tidlege leveransar, og dermed nyttige tilbakemeldingar
- Tidlige leveransar kan mogleggjera tidleg oppstart av gevinstrealisering
- Oppdelinga av gjennomføringsfasen i delfasar, med nokon sprintar i kvar delfase, sikrar involvering av prosjekteigar/produkteigar ved kvar faseovergang
- Inneheld ein god mekanisme for å handtere detaljering og endring av krav undervegs
Figuren nedanfor viser bruken av Prosjektvegvisaren sin overordna styringsdokumentasjon og korleis faseplanen kan knytast opp mot sprintar i utviklingsløpet.
