Prosjektstyring og smidig utviklingsmetodikk
Dersom utviklinga av programvare skal gjerast ved bruk av smidige metodar (til dømes Scrum) vil dette påverke prosjektleiarens styring av prosjektet. Det vil og ha noko å seie for prosjekteigaren sitt arbeid.
Prosjektvegvisaren er ein modell for overordna prosjektstyring, og er ikkje meint å erstatte eller vere eit alternativ til programvare utviklingsmetodikk eller andre former for leveranseproduksjon i eit prosjekt. Prosjektvegvisaren sine fasar, beslutningspunkt og leiingsprodukt er uavhengig av kva som er resultatmålet eller innhaldet i leveransane. Konseptfasen og planleggingsfasen handlar om overordna prosjektstyring sett frå prosjekteigarens sitt ståsted. Det er i gjennomføringsfasane at leveransane planleggast og produserast, og her kan både tradisjonelle og smidige utviklingsmetodar som til dømes Scrum brukast innanfor Prosjektvegvisaren si ramme. Prosjektvegvisaren gir ikkje råd og rettleiing om val av utviklingsmetodikk. Den gir heller ikkje eit heilskapleg og uttømmande bilde av alt ein treng for å gjennomføre eit IT-prosjekt etter smidige systemutviklingsprinsipp.
Merk at det som er sagt her om Prosjektvegvisaren sin relasjon til smidig utviklingsmetodikk er vinkla mot utvikling som blir gjennomført og styrt innan eiga prosjektgruppe/organisasjon. Anskaffing av programvareleveransar utvikla eksternt gjennom ein underleverandøravtale fell inn under anskaffingsprosessen og blir beskriven som ein del av denne.
Kva er Smidig?
Smidige metodar tar som utgangspunkt at systemutvikling er uføreseieleg, og at prioriteringa av funksjonelle krav vil kunne endre seg etter kvart som systemet tar form. Smidige metodar avgrensar denne risikoen ved å utvikle systemet stegvis og med hyppige leveransar, styre etter verdi og fokusere på kontinuerleg læring.
Omgrepet «smidig» femner fleire metodar, med noko ulik vektlegging og utforming av dei smidige prinsippa. Den smidige metoden som Prosjektvegvisaren refererer til er Scrum, og beskrivinga av Prosjektvegvisaren sin relasjon til smidig utviklingsmetodikk er knytt til denne metoden.
Prosjektvegvisaren ønskjer gjennom denne tilnærminga å
- ta høgde for grunnleggjande prinsipp for utvikling basert på Scrum
- ta høgde for Scrums prinsipp som også er enkle å relatere til PRINCE2® som basis rammeverk (ref. PRINCE2 Agile)
- skape ein relasjon til Scrum-terminologien, gjennom ei prosjektfagleg omgrepsliste
- seie noko om korleis val av Scrum påverkar arbeidet i kvar fase, korleis det påverkar ulike leiingsprodukt, og korleis det pregar arbeidet med gjennomføringsstrategien; medrekna inndeling av prosjektgjennomføringa i fleire delfasar.
Scrum i konseptfasen
I konseptfasen fokuserer ein på å utreie alternative konsept, identifisere det prosjektet som gir størst måloppnåing og tilfredsstiller verksemda sitt behov.
I konseptfasen skal ein definere verksemdas behov og overordna funksjonelle krav. Produktkøa kan naturleg bli etablert i konseptfasen på eit overordna nivå per konsept. Den vil allereie her danne grunnlag for blant anna kostnadsbudsjettet, gevinstrealisering, nytte/kost prioriteringar, leveranseplaner, detaljerte planer og eventuelt anskaffingar. Eposene her har eit kostnadsbudsjett knytt til seg. På same måte har dei nytteverdi knytt til seg, då effektmåla frå lønsemdanalysen (prosjektgrunngjeving) gir vinst/nytte-ramma for alle eposene i den overordna produktkøa, og vidare i prosjektet for detaljerte brukarhistorier.
Denne fasen – som alle andre fasar - kan ein organisere i sprintar for leveransar i høve til smidige metodar.
Scrum i planleggingsfasen
I planleggingsfasen legg ein vekt på å etablere styringsunderlag for prosjektet, og dette blir dokumentert i styringsdokumentasjonen.
For smidig tilnærming omfattar styringsdokumentasjonen følgjande informasjon:
Ei detaljering av prosjektets gjennomføringsstrategi
Dersom smidig tilnærming er eit strategisk val, må gjennomføringsstrategien også beskrive korleis ein tenkjer å bruke smidige artefakter. Ein må i tillegg beskrive korleis ein tenkjer å nærma seg smidige prinsipp i prosjektet. Her er det sentralt å gjere reie for korleis ein skal sikre at prosjektet leverer verdi gjennom produktnedbrytingsstrukturen og produktkøen. Eksempel på andre ting er estimering av nytteverdi, knyting mellom effektmål og elementa i produktkøen, nytte-/kostnads-prioritering, kostnadsstyring, organisering av produkteigarar og sjølvorganiserte utviklingsteam. Vidare må smidig teststrategi bli utforma.
Ei detaljering av leveringsomfang
Ei meir detaljert beskriving av kva prosjektets leveringsomfang er, og kva for maskinvare- og eller programvareprodukt ein skal levere. I smidige prosjekt vil produktnedbryting innebere at den overordna produktkøen med Epos frå konseptfasen blir forfina vidare i planleggingsfasen. Dette inneber at Epos blir detaljert vidare i form av meir detaljerte brukarhistorier i planleggingsfasen. Produktkøen skal vere prioritert, slik at element som representerer høg nytte/kost har høgare prioritet enn element som har låg nytte/kost.
Ei beskriving av prosjektorganisasjonen med smidige roller
Dersom prosjektet blir planlagd med smidig gjennomføring, må denne delen av styringsdokumentasjonen adressere organisering i utviklingsteam, som følgjast opp av scrumleiar, og produkteigarteam, som leias av produkteigar. Uansett kor godt ein planlegg, tilseier erfaring elles at vellukka gjennomføring av smidige prosjekt avheng veldig av nøkkelpersoners forståing og opplæring i smidig tankegang i prosjektgjennomføringa. Ein bør derfor vurdere metodeopplæring i smidig i planleggingsfasen, avhengig av verksemdas eigen vurdering av mogenskap på området.
Scrum i gjennomføringsfasane
Gjennomføringsfasen vil ofte vere delt opp i fleire delfasar. For kvar gjennomføringsfase inneber det at strategiar utarbeidde i planleggingsfasen, blir lagt til grunn for det ein skal gjere.
I planleggingsfasen ble det gjort greie for kva god styringsdokumentasjon for smidige prosjekter bør innehalde. I denne dokumentasjonen har ein dermed lagt grunnlaget for smidig gjennomføring, dersom alle aktørar tilpassar seg dei prosjektrollane dei blir tildela, og dersom tilstrekkeleg mogning og opplæring i smidig gjennomføring er sikra bland prosjektets nøkkelpersonar. Slike ting inngår i gode førebuingar i planleggingsfasen.
Kvar gjennomføringsfase kan innehalde ein eller fleire leveransar, som igjen kan ha ein til fleire sprintar. Grunna prinsippet om kontinuerleg beskriving av den funksjonelle løysinga, er det ein kritisk suksessfaktor for smidig tilnærming at produkteigar, og teamet knytt til produkteigar, har tilstrekkeleg høve til å dekkje produkteigaransvaret på ein god måte.
Les meir om bruk av Smidig (Scrum) i Prosjektvegvisaren.
Scrum i avsluttingsfasen
I avsluttingsfasen må produktkøa bli klargjort for overlevering til forvalting.
Scrum i realiseringsfasen
Ein kan og utføre forvaltninga av prosjektets leveranse laupande smidig. Her er produktkøas øvste element dei høgast prioriterte feil, manglar eller ny funksjonalitet.