Hopp til hovudinnhald

Andre prosjekttypar

Prosjektvegvisaren dreier seg primært om overordna prosjektstyring, uavhengig av kva som skal vere dei spesifikke leveransane frå prosjektet. Styringsprinsippa og fasestrukturen er allmenngyldige, og kan nyttast i alle typar prosjekt.

Om de skal bruke Prosjektvegvisaren sine overordna styringsprinsipp og fasestruktur som styringsramme for andre typar prosjekt enn digitaliseringsprosjekt, føreset dette at det detaljerte innhaldet i Prosjektvegvisaren vert lese og tolka i lys av den prosjekttypen det gjeld. Ofte kan det også vere ein føresetnad at arbeidsprosessar og metodikk som vert brukte til leveranseproduksjonen (i leveranseprosjekta for prosjektet) vert erstatta med arbeidsformer, prosessar og metodikk som er spesialiserte mot den aktuelle typen av prosjektprodukt. Døme på dette kan vere ulike prosjekt innanfor

  • Bygg, anlegg og eigedom
  • Store og omfattande utgreiingar
  • Organisasjonsutvikling og omstilling
  • Lov- og regelverksutvikling
  • Forbetring av tryggleik/kvalitet

Når Prosjektvegvisaren vert brukt på denne måten vil samanhengen og samspelet mellom Prosjektvegvisaren som overordna styringsramme og dei spesialiserte prosessane for leveranseproduksjon fungere etter same prinsipp som beskrive for digitaliseringsprosjekt.