Hopp til hovudinnhald

Bevar grunnprinsippa

Kva for grunnprinsipp må ikkje "tilpassast bort"?

Modell for overordna prosjektstyring

Prosjektvegvisaren avgrensar seg til overordna prosjektstyring, og må derfor brukast i samspel med underliggjande spesialistprosessar/arbeidsprosessar og metodikk knytt til dei ulike leveranseområda for prosjekta. Ei verksemd si tilpassing av Prosjektvegvisaren bør vise til skildringar av tilrådde leveranseorienterte prosessar/metodar som gjeld innan eigen organisasjon, og korleis desse skal brukast i samspel med den overordna prosjektmodellen. Digitaliseringsdirektoratet åtvarar mot å byggje saman (integrera) den overordna generiske styringsmodellen (Prosjektvegvisaren) med ein eller annan valt metode/arbeidsprosess for leveranseproduksjon, til dømes programvare-utvikling. Dette vil medføre at prosjektmodellen for verksemda berre vert relevant for prosjekt med denne eine forma for leveranseproduksjon og lite tenleg for alle andre prosjekttypar. Den vert dermed ueigna for digitaliseringsprosjekt fordi desse alltid inneheld minst to viktige leveranseområde som krev ulike metodar/arbeidsprosessar. Derimot er det viktig å beskrive korleis ulike metodar/arbeidsprosessar for leveranseproduksjon skal brukast i samspel med den overordna prosjektmodellen.

Felles omgrepsbruk og styringsprinsipp

Ein viktig intensjon med Prosjektvegvisaren er å gi ei felles plattform for prosjektstyring i heile offentleg sektor. Einskapleg omgrepsbruk og felles forståing av prinsipp for prosjektstyring er ein viktig del av dette. Derfor legg Digitaliseringsdirektoratet vekt på at lokalt tilpassa variantar av Prosjektvegvisaren har ein mest mogleg lik omgrepsbruk og styringsstruktur.

Ver spesielt merksam på Prosjektvegvisaren sitt viktige bodskap om at ved å IKKJE fastleggja løysinga i konsept og planleggingsfasen kan prosjektet halde handlingsrommet ope, slik at løysingsutviklinga i gjennomføringsfasane kan dra full nytte av innovasjon og smidig metodikk.

Prosjektvegvisaren er basert på PRINCE2, og tilpassa til bruk i norsk offentleg sektor. Lokale tilpassingar av Prosjektvegvisaren må ikkje vere i strid med hovudtrekka og prinsippa i verken PRINCE2 eller Prosjektvegvisaren.

Behald hovudstrukturen

Hovedstrukturen i den overordna prosjektmodellen for verksemda skal vere i samsvar med Prosjektvegvisaren. Dette har samanheng med felles prosjektforståing og omgrepsbruk i offentleg sektor. Ver dessutan merksam på at dersom verksemda i tilpassinga si endrar denne hovudstrukturen vil verksemda deira ikkje kunna dra nytte av diverse verktøyløysingar som er ferdig tilrettelagde for denne strukturen.

  • Lokale tilpassingar skal følgja Prosjektvegvisaren sine fasar med same namn, hensikt og hovudinnhald.
  • Avgjerdspunkta (BP) sine sjekklister skal vere i samsvar med Prosjektvegvisaren, men kan utdjupast og knytast opp mot lokale organisasjonsmessige forhold eller prosedyrar.
  • Aktivitetane til fasane skal kune kjennast att i forhold til Prosjektvegvisaren, og vere i tråd med målet for Prosjektvegvisaren sine aktivitetar.
  • Strukturen til styringsdokumentasjonen skal vere i samsvar med Prosjektvegvisaren, med same namn og prinsipielle innhald.
  • Prinsippa i Prosjektvegvisaren sine tverrgåande tema skal følgjast, men kan gjerne knytast opp mot lokale forhold, prosedyrar, malar eller rettleiingar.

Viss verksemda di ser behov for å gjere tilpassingar som er i strid med punkta over vil Digitaliseringsdirektoratet gjerne få ei tilbakemelding om dette. Kanskje dette speglar ei svakheit eller for lite handlingsrom i Prosjektvegvisaren, som vi burde gjere noko med?