Kurs og verktøystøtte
Digdir leverer ikkje eigne kurs i Prosjektvegvisaren, men marknaden tilbyr ei rekkje kurs i prosjektstyring som er knytte til Prosjektveiviseren.
Ver merksam på at Prosjektveiviseren ikkje er meint å vere ei komplett lærebok i prosjektleiing. Han føreset at du har ein viss grunnleggjande basiskunnskap om prosjektstyringsfaget frå før.
På sidene våre om kompetanseutvikling får du gode tips og råd om opplæring innan prosjektstyring.
Kurs basert på Prosjektveiviseren
Kurs og sertifiseringar i PRINCE2
Prosjektveiviseren er basert på den internasjonalt anerkjende prosjektleiingsmodellen PRINCE2® (PRojects IN Controlled Environments). Fleire norske leverandørar tilbyr kurs og sertifiseringar i den internasjonale metoden for prosjektleiing:
Norske leverandørar av kurs og sertifisering i PRINCE2
Verktøystøtte
Det finst ulike verktøyløysingar for praktisk prosjektstyring der mellom anna fasane, aktivitetane og dokumentmalane i Prosjektveiviseren er bygde inn i løysinga. Eit slikt verktøy vil vere til stor nytte i den daglege bruken prosjekta har av Prosjektveiviseren. Dersom verksemda ikkje har eit slikt verktøy som allereie er godt innarbeidd i organisasjonen, blir det tilrådd å vurdere ulike tilgjengelege tilbod som finst, til dømes:
| Leverandør | Informasjon om løsningen | Kontaktperson | E-post |
|---|---|---|---|
| Intersoft | Intersoft Prosjektstyringsverktøy Prosjektstyringsverktøy for prosjektplanlegging, ressursstyring og porteføljestyring. | Knut Andreas Strøm-Gundersen | knutsg@intersoft.no |
| SoftwareOne | Løsning for prosjekt- og porteføljestyring i Microsoft 365 med utgangspunkt i Prosjektveiviseren. Utviklet som åpen kildekode i samarbeid med norske virksomheter siden 2014. | Tarjei Ormestøyl | tarjeie.ormestoyl@softwareone.com |
| SoftwareOne | myProjects: Skreddersydd prosjektstyring Samler metodikk, samhandling, rapportering og beslutningsunderlag i én felles arbeidsflate. Tilrettelagt for skreddersøm: egne prosjektmodeller, malområder og tilgangsstyring per kunde, pluss eget datalag for KPI-rapportering. | Arne Røst | arne.rost@softwareone.com |
| Fortes ProjectFlow A/S | Prosjekt- og porteføljestyrings-verktøy med tett kobling til Microsoft Office 365, Jira og DevOps. | Karsten Ley Poulsen | klp@projectflow.dk |
Kurs i programstyring og porteføljestyring, basert på Axelos' MSP- og MoP-standarder
Som eit resultat av samarbeidet mellom verksemdene gjennom Nettverket for Prosjekt-, Program- og Porteføljestyring er det identifisert eit behov for kompetanseutvikling innan program- og porteføljestyring. Dette gjeld både verksemdsleiinga si forståing av samanheng og nytteverdi knytt til verksemdsleiing, og metodikk-kompetanse blant personell som skal ta vare på dei praktiske arbeidsprosessane knytte til program- og porteføljestyring.
Digitaliseringsdirektoratet har oppmoda kursleverandørar til å synleggjere kva dei kan tilby av kurs i program- og porteføljestyring, basert på MSP (Managing Successful Programmes) og MoP (Management of Portfolios).
Dei som har meldt inn at dei kan tilby kurs innan MSP og MoP, finn du på sidene våre
Eventuelle andre leverandørar som har tilsvarande kurs, sertifiseringar eller verktøyløysingar som burde vere med på denne sida, blir bedne om å ta kontakt med Digitaliseringsdirektoratet.
Ta kontakt med taran.austena.lovdal@digdir.no