Tilpassa bruk av prosjektet
Her finn du litt om typiske variasjonar i bruken for prosjekta av prosjektmodellen for verksemda.
Samspel med ulike arbeidsprosessar
Prosjektvegvisaren er ein modell for overordna styring av prosjektet sett i perspektivet til verksemda, prosjekteigaren og (hovud)prosjektleiaren. Den er ikkje – og har aldri vore meint å vere – ein prosess eller ein metode til bruk for å skaffe produkta og leveransane for prosjektet. Ut frå prosjektet sin art og innhald må prosjektet kombinere struktur og prinsipp i prosjektmodellen for verksemda med dei metodane/arbeidsprosessane som er mest formålstenlege for å skaffe fram hovudprodukta for prosjektet (eventuelt organisert som delprosjekt?). Her vert det viktig å dra nytte av det handlingsrommet og fleksibiliteten som ligg i Prosjektvegvisaren. Til saman skal dette utgjere ein styringsstruktur og overordna prosjektplan som er så optimal som råd for det aktuelle prosjektet.
Formålstenleg bruk av gjennomføringsfasar
Prosjektvegvisaren er heilt open med tanke på kor mange gjennomføringsfasar eit prosjekt bør innehalda, og kva som skal bestemme oppdelinga/innhaldet i gjennomføringsfasane. Denne openheita og handlingsrommet som her vert gitt til prosjektet bør absolutt behaldast i den tilpassa prosjektmodellen for verksemda. Dette bør overlatast til den tilpassa bruken for prosjektet, slik at bruken av delfasar i gjennomføringa kan nyttast på ein gjennomtenkt og mest mogleg formålstenleg måte, tilpassa til arten for prosjektet, leveransar, og så tidleg som mogleg synleggjere resultat og gevinstar.
Skalering i samsvar med behovet for prosjektet
Ut frå innhald og storleik/kompleksitet for prosjektet skal grundigheit/tidsbruk ved gjennomføring av aktivitetane til prosjektmodellen skalerast til rett nivå.