Evaluere tiltak
Etter at tiltaka er gjennomførte i samsvar med plan – og som eit minimum i samband med kvar faseovergang – bør det gjerast ei evaluering av gjennomføringa av tiltaka og effekten av kvart enkelt tiltak. Naturlege spørsmål å stille seg i denne evalueringa kan vere:
- Vart planlagde tiltak gjennomførte og følgde opp på ein god måte?
- Korleis opplever interessentane at dei vert tekne vare på?
- Opptrer interessenten positivt/negativt overfor prosjektet?
- Saknar interessenten noko informasjon?
- Fungerer den valde kommunikasjonsforma og kanalane?
- Er det behovet for nye eller utvida tiltak?