Gjennomføre tiltak
Tiltaka vert gjennomførte og følgde opp i samsvar med tiltaksplanane, anten som del av den totale aktivitetsplanen for prosjektet, som separate tiltaksplanar eller som del av kommunikasjonsplanen for prosjektet.
Om tiltaka har ein god gjennomføringsplan vil gjennomføringa (som med andre typar prosjektaktivitetar) fungere greitt, men vêr merksam på ikkje å gå i den fallgruva at desse aktivitetane vert nedprioriterte i konkurransen med aktivitetar direkte knytt til leveranseproduksjonen for prosjektet.