Planlegge tiltak
Tiltak som er direkte retta mot å ta vare på informasjonsbehovet til interessentane bør planleggast som ein samla kommunikasjonsplan for heile prosjektet. I samband med utarbeiding av kommunikasjonsplanen bør det undersøkast om det finst spesielle retningslinjer for informasjon/kommunikasjon som prosjektet må ta omsyn til.
Planlegginga av dei enkelte tiltaka vert i prinsipp gjort på same måte som for dei andre aktivitetane for prosjektet, men planen for desse vil i mange tilfelle vere enklare enn for vanlege prosjektaktivitetar. Bruk figuren som du finn under Definere tiltak og arkfanen «interessentmatrise» i interessentregister-malen som eit utgangspunkt.
Tiltaksplanane kan lagast som ein del av prosjektleiaren sin generelle prosjektleiingsplan, eller som separate tiltaksplanar, gjerne samla per interessent. I den same malen som inneheld interessentregisteret er det ei eiga arkfane som kan nyttast for å samle enkle tiltaksplanar knytt til kvar interessent. Eventuelt kan det her i tiltakskolonna visast til andre former for tiltaksplanar.
Felles for alle tiltaksplanar er at dei som eit minimum skal beskrive
- Kva skal gjerast?
- Kven skal gjere det?
- Når skal det gjerast?
- Kva er forventa effekt av tiltaket?